Arne Hjeltnes bobler over av øl-glede. Men reagerer på sur og ubegrunnet kritikk i ettertid av Bodø-lanseringen. Foto: Mariell Tverrå Løkås

God pils og dårleg journalistikk

Av Arne Hjeltnes
15.06.2017 10:26 - OPPDATERT 22.01.2018 15:41

I går fikk en øl-blogger fri tilgang til Avisa Nordlands spalter for å sable ned initiativet om et nytt bryggeri i Bodø, som blant annet Arne Hjeltnes og Roy B. Nilssen står bak. Her er Hjeltnes' svar på kritikken.

Denne veka var eg igjen i Bodø for å diskutera dei spanande planane om å laga nytt liv i det ærverdige Nordlandsbryggeriet frå 1898 og ein ekte pils frå Bodø, slik det ein gong var.

Entusiasmen er stor og dette er utan tvil eit spanande Bodø/Nordland-prosjekt som eg er invitert til å vera med på.

LES OGSÅ:  Hjeltnes & Co vil bygge to nye bryggerier i Bodø

Me har laga godt øl eit par stader i landet allereie og ølet vårt finns i butikkar over heile lander. Lokalt øl er ein sterk trend og eg trur den neste trenden vil vera at me vil få meir og meir lokal pils, slik det ein gong var i mange byar feks Arendal, Skien, Trondheim og Bodø.

Planane er enno ikkje detaljert, men ambisjonen er å selja over heile landet noko sånt som ein tidendedel av det Mack sel idag.

Det burde gå. Det er bra for ølkulturen i Bodø og det vil skape arbeidsplassar.

For å omskriva Frank Zappa; ein by er ikkje ein skikkeleg by før den har eit skikkeleg fotballag og eit godt bryggeri.

Me gler oss til å ta fatt saman med bodøværingane, som har vist stor entusiasme for å bringa pilsen heim til Bodø.

Bådin er invitert til å vera med i prosjektet. Dei lagar utruleg godt handverksøl, men ikkje pils. Me skal naturlegvis ikkje konkurrera med dei, men med all den pilsen som ikkje kjem frå Bodø. Mykje kjem frå heilt andre land òg.
Med andre ord eit veldig positivt prosjekt, som det naturlegvis er frivillig å vera med på.

Og å drikka pilsen, sjølvsagt.

Men så er det alltid nokon som skal kritisera.

Eg har vore med på å starta mange små lokalmat- og entusiasme-prosjekt. På Voss har me øl, akevitt og ost. I Finnmark skal me starta ein heilt ny, stor filetfabrikk.

Men mange likar å sitta på internett, kanskje til og med seint på kvelden, og slenga ifrå seg om andre sine prosjekt og idear. Prosjekt som dei ikkje har sett seg inn i eller kjenner.

Det skjedde med ideen om nytt pilsbryggeri i Bodø. Ein surmaga ølbloggar som sat sørpå utan å kjenna planane våre, gjekk til og med så langt at han skreiv på facebook at dette var svindel.

Eg har aldri vorte kalla svindlar før, men får ta det med ei klypa salt, når det skjer i dei myrke krokane til slike nett-troll.

Problemet i dette tilfelle var at Avisa Nordland fann det interessant å vidarefomidla dette på sin nettavis. Og det er ikkje greitt.

LES SAKEN FRA AVISA NORDLAND HER.

I ord og faksimiler har dei spreidd desse injuriane, til tross for at eg har gjort dei oppmerksomme på at dette både er uetisk og ganske grisete.

Eg har vore i media sidan 1992 og ikkje opplevd maken.

Ein skulle tru at ei skikkeleg avis skjønar at du ikkje er friteken for ansvar sjølv om du trykker ein faksimile frå Facebook med alvorlege anklagar.

Det var trist og utruleg skuffande at redaktøren til og med insisterte på å behalda faksimilen frå Facebook etter å ha måtte fjerna store deler av innhaldet i artikkelen.

Når eg skriv dette, står framleis anklagene om at eg er ein svindlar på Avisa Nordland sine nettsider.

Eg tåler godt at folk kritiserer prosjekt og idear som eg er med på, men eg synes ikkje at nokon skal tåla at udokumenterte grove anklager og injurier frå mildt sagt tvilsame kjelder vert vidareformidla ukritisk i avisspaltene.

Det er eit grovt overtramp og me får berre håpa at Avisa Nordland i framtida ikkje blir ein kanal for grums frå internett rett ut i spaltene.

Trøsten får vera at støtta omkring å bringa pilsen heim til Bodø faktisk har auka sterkt etter at dette vart publisert. Me går til verket med stor entusiasme og pågangsmot.

Dette er eit Bodø-prosjekt som eg er takksam for at eg skal få vera med på saman med gode bodøværingar. Så får me berre håpa at pilsen vert betre enn dømmekrafta til redaktøren i Avisa Nordland.

God øl-sommar!

Arne Hjeltnes

 

 

 

Debatt
Bodø Nu oppfordrer leserne til saklig debatt!
Tenk over hva man skriver og vis hensyn. Kommentarfeltet overvåkes av våre moderatorer. Grove overtredelser av normal debattskikk kan straffes med utestengelse.